4. Iver Einar Larsen Fjertoft

Slektsanene til Iver Einar Larsen Fjertoft (1816-1901)

Iver var født i 1816, døpt 27.10.1816 og konfirmert i 1833.

Den 28.06.1845 ble han som 29-åring gift med 22 år gamle Størkine Marie Hansdtr. Harnes (01.11.1823 – 01.07.1866). Se neste avsnitt.

I følge Sofie Neraal (L11) lot Iver sin søster, som hadde pukkelrygg, overta farsgarden (Iva garden) fordi han mente det var eneste mulighet for henne til å bli gift. Like etter ble hun gift. Naboen (Gunder Eriksen oppsitter nr.13 ) syntes dette var så fint at Iver i 1846 fikk overta deres gard på nordre Fjørtoft. Dette stemmer med opplysningene om gardsskifte. Dei gamle på Fjørtofta sa da at "det er no bra at slekta kjøm attende på garden". Ivers kone Størkine var nemlig oldebarn til Nils Jonsen (oppsitter nr. 9 på tun 17, se over). I folketellinga for 1865 er 69 år game Gunder Eriksen oppført som "føderaadsmand" hos Iver Larssen.

Garden ble kalt Kleiva etter at Iver bygde hus og løe på et nytt sted i 1863. Han og Størkine fikk 3 sønner, Laurits, Hans og Edvard.

Iver er nevnt som lagrettemann. Han ble enkemann to ganger og gift tre ganger. Størkine døde 43 år gammel i 1866 og Iver giftet seg 21.07.1867 med

Berthe Sirine Elie Pedersdtr. Gamlemshaug (02.03.1814 – 19.12.1869).

I folketellinga for 1865 er Berthe oppført som tjenestepike hos Iver og Størkine på Kleivatunet.

Etter 2½ år dør Berthe bare 45 år gammel, og hun var så snill å testamentere alt hun eide til "styfborna" sine. Da var Edvard 14 år.

Et år senere, 16.01.1871, gifter Iver seg på ny med

Inger Hansdtr. Otterlei             (21.10.1830 – 12.09.1901).

Iver fikk ikke barn i de to siste ekteskapene. Inger og Iver var gift i 30 år, og hun døde bare fire uker etter Iver som ble 86 år gammel.


Gunnar L. Fjørtoft vokste opp på Kleiva med Iver som bestefar. Han har i sine "Minner frå farna dager" gitt et godt bilde av bestefaren:

"Farfar var ein mann under middels høgde, tettvoksen og skuldrebrei. Eg var sværande glad i farfar min. Etter som åra gjekk og vitet mitt vaks, vart eg meir og meir interessert i han. Eg vart snart var at Vår Herre ikkje hadde spart på åndeleg gåver av ymse slag, men gitt han rikeleg sin part. Farfar hadde eit minne som få kunne oppvise, og for å vere i dei dagar, må eg seia at han fekk tak i mykje lesestoff av ymse slag. Det han hadde lese, for ikkje ut att, men blei verande fast som i fjellet.

Men det som imponerte meg mest, var alt det han kunne få til med fingrane sine. Han var gardbrukar, fiskar og høvedsmann på sin eigen ottring. Så var han skreddar, urmakar og kiper (ein som lagar tynner og bytter). Attåt alt dette var han ein flink felespelar, det vil seia i sine unge dagar. Då vart han henta til bryllaup og juledansar.

Fela i gamle dagar vart halde for eit syndig apparat, og når folk vart eldre og byrja å tenkje meir på enden, vart fela som regel lagt burt. Slik gjekk det også med farfar.

Farmor, Styrkine Hansdotter Hames, har eg laga meg eit bilete av etter det som far fortalde meg om mor si. Ho vart ikkje gamal her på Kleiva. Måtte tidleg forlate mannen og born sine, 3 gutar, Laurits (far) deretter Hans og den yngste Edvard.

Det var tungt, sa far, å skiljast med denne snille og gode mora si. Ho var ikkje berre snill og god, men og klok og intelligent. Alle i heimen sette ho høgt og sakna ho sårt. Dei hadde eit ordtak her ute på øyane i gamle dagar som lydde slik: "Å vere kjerringlaus, er det same som å vere vengelaus." Ein mann som hadde gard å styre med og til det ein ottring med alt som fylgde med det, måtte ha ei kone til å ordne opp med både "slitande og bitande", som det heitte. Vart mannen utan kone, var han i retteleg beit.

Når den tyngste sorga var over, måtte farfar sjå seg om etter ei ny kone. Med leigd kvinnehjelp til alt arbeidet og omsorg på garden, strakk ikkje økonomien til, så der var ingen veg utanom. Farfar fekk seg ei god og snill kone att, Berte var navnet hennar. Kvar ho var i frå, veit eg ikkje så sikkert. Nesten som eg trur ho var inne frå Drøna. Berre nokre få år etter, så døydde også ho. Ho hadde ikkje barn etter seg. So vart farfar nøydd for 3. gong ut på frieri. Men denne gong vart det ei kvinne her frå øya som vart den utvalde, Inger Hansdotter Otterlei. Denne kona fekk farfar vere saman med heile livet ut til han døydde.

Når farfar gjekk etter ein veg og bestemor Inger var saman med han, gjekk farfar alltid omlag 3 meter framfor ho. Han hadde det med å gå så fort, men såg jamt attom seg om den vanlege avstanden var mellom dei. Og difor tykte eg at det var så merkeleg når det traff seg slik at han vart gravlagt på dagen ein månad framfor ho.

Sjølvom Inger ikkje var vår rette bestemor, var vi alle borna glad i ho. Vi kunne ikkje tenkje oss snillare bestemor. Eg plaga mykje han farfar med å spørja og mase, vart aldri trøytt av å høyre frå gamle dagar. Men han vart likevel ikkje lei av meg. Med sitt gode minne og sin alle tiders forteljarkunst, vart eg stundom heilt bergteken. Eg tok og til med å skrive ned i ei bok det han fortalde. Men denne boka kom seinare bort, så no er det berre minne eg har å ta av. Eg skal likevel freiste å trylle fram og få på papiret noko av det farfar fortalde meg:

"Bustaden Kleiva er ikkje av gamal dato. I 1863 var det utskifting på heimebøen i Nordgard. Før den tid var jorda oppstykka i bittesmå teigar, og husa stod i ei klynge frå der Amundgarden no står og opp mot Låna. Når utskiftinga var ferdig, vart det å flytte ut for dei fleste. Berre dei som fekk jorda si så nær gamlevegen at det ikkje vart turvande å flytte, vart sitjande att på gamlegarden. Desse vart Låna og Åmundgarden. Farsgarden min som eg var odelsguten til, bar namnet Ivagarden. Dette gardsnamnet er det som no kallast Ekra.

Lars, far min, var ikkje eldste guten i Ivagarden. Han hadde ein bror, Iver, som var eldst og var odelsguten. Folket i Juste-Pe-garden i Rørvika på Vigra var lite grand i slekt med oss her i Ivagarden, og desse folka hadde ingen son, berre ei dotter. Ein dag kom både husfaren og husmora frå JustePe-garden nord til oss, og ærende deira var om ikkje han Ivar kunne tenkje seg å kome sør til dei. Han skulle få både dottera og garden. Både han Iver sjølv og dei andre tykte at eit slikt tilbod kunne han ikkje gå frå deg. Det vart, til det at han Iver aksepterte tilbodet. Sa frå seg odelsretten til Ivagarden og vart Vigra-mann. Såleis gjekk det føre seg at far vart eigar og brukar av Ivagarden her i Nordgard.

(Gunnar Kongshaugs kommentar):
Iver Iversen var ikke eldste sønn: Gunnar Fjørtoft har litt gale minner her. Lars Iversen var faktisk eldste sønn på Iva-garden. Han var født i 1786. De fulgte opp tradisjonene med å kalle første sønn opp igjen etter farfaren. Det er interessant at ”bestefar” Iver Larsen er 7. generasjon eldste sønn, og det var han som ”brøt” tradisjonen med Laurits. Iver Iversen var født 1800 som yngste sønn. Han ble gift i Rørvika slik Gunnar forteller.?

Eg var eldste guten i min syskenflokk og var såleis odelsguten til Ivagarden. Eg hadde 3 brør. Den eldste av dei, Ola, vart gift med ei jordajente på Longva, nærmare bestemt Longvaneset, nr. 2, Ingebrigt, blei gift med ei jordajente inne i Orvika og nr. 3, den yngste, han vart og gift med ei jordajente inne på Alvestad. Såleis fekk dei seg jord alle brørne mine, og den tida veit du var det ikkje greitt å livberge seg utan jord.

Me hadde berre ei syster, Anne. Som du veit, so var ho det me kalla for "krank". Ho hadde ein stor kul på ryggen, og dette gjorde nok sitt til at kroppen fekk utvikle seg svært lite. Ho vart nedslept av den som skulle passe ho då ho var lita, og då vart ryggen tenkjeleg skadd.

Eg tenkte mykje på denne syster mi og kor det skulle verte med ho i framtida. I den forfatning ho var, kunne eg ikkje tenkje meg at ho vart gift, og då ville ho ende sine dagar som fattiglem på legd frå det eine huset til det andre rundt om i prestegjeldet. Kunne ho få verte jordajente, då var det von. Ein dag kom eg til å tenkje på at i Jogarden, ein av gardane i Nordgard, hadde dei ikkje born. I grunnen var det andre generasjonen i denne garden som måtte ta inn framande eigarar av di dei sjølve ikkje hadde born. No var desse to i Jogarden gamle og barnlause, og skylda på denne garden var like stor som på Ivagarden. Eg gjekk burt til dei og fortalde kva eg hadde på hjarte, og eg fekk det svaret at dei no var gamle og trøytte, og ville dei ta over bruket, var dei hjarteleg velkomne.

Dei var ikkje eigarar, sat berre på bygsel då familien på Solnør ikkje berre åtte Jogarden, men mange gardar i Nordgard. No låg vegen open for ho Anne til å verte jordajente. Og så snart dette spurdest, vanta det ikkje på friarar i Ivagarden. Ein staut kjekk kar, Eirik Flem, gjekk av med sigeren og vart eigar og brukar av Ivagarden. Det utrulege kan hende: Han Eirik som var frisk og sterk, vart kortliva, men ho Anne som var kronisk skral, levde til ho vart gamal. Og det skal heller ikkje gløymast at ho i ekteskapet bar fram to staute karar, Lars og Edvard.

I 1864 vart husa her bygd og Jogarden fekk namnet Kleiva. Ivagarden vart og flytta og fekk namnet Ekra. Å flytte frå gamleplassen å få opp att alle husa som trengst på ein gard, er ikkje noko lett oppgåve. Det fekk vi røyne vi som var utflyttarar".

Dette var i kortheit fortalt lite grann av farfar si livssoge og tilhøve i dei farne dagar.

Når forsørgjaren døydde, og ho Anne sat att som enkje med to smågutar, vart det vel ikkje så greitt for ho? Nei ho Anne stakkar, fekk røyne mykje motgang, og denne var nok ein av dei verste. Garden måtte drivast, og ottringen som gav det meste av inntekta, hadde mist sin førar. Alt såg mørkt ut. Sorga over den staute og snille mannen hennar, vart dobla fordi ho såg at ho og ville miste garden og heimen sin. To av gutane mine, Laurits og Hans, var konfirmert. Laurits hadde og vore med meg på ottringen min i fleire vintrar, så eg var sikker på at han klarte å føre ein ottring. Eg forela han korleis tilhøva ville verte på Ekra, viss ikkje ottringen deira vart driven om vintrane i torskefiske. Det enda med at Laurits sa seg viljug til å føre ottringen, og med det var denne gåta løyst. Ho Anne trengte og hjelp med gårdsarbeidet, men dette problemet var lettare å løyse. Eg hadde to gutar til, Hans og Edvard, og så var det Anne sine to gutar, Lars og Edvard. Lars var 14 år og Edvard to år yngre då faren døydde. Men så kom der ein ny motgang for ho Anne. Eldste guten hennar, han Lars, vart brystsjuk (fekk tuberkulose), og kunne såleis ikkje vere med på noko tungt arbeid. Inne på Ørskog var ein dokter som hadde spesialisert seg på brystsjukdomar, og dreiv likesom eit lite sanatorium der inne. Der fekk dei plass til han Lars, og lagnaden ville at om nokre månader skulle han koma seg heim att frisk

Laurits held fram med føringa av Ekreottringen i 3 år. Då tok sonen min, han Hans, over føringa. Han held fram med dette til han Lars, Anne sin eldste son, tok over førarjobben "

Ja, godfar, du har vore ein god bror mot syster di. Eg vil berre vone at eg har arva noko av dette god lynnet ditt så eg er budd på å hjelpe der det trengst, kven det så er.

Dei gamle var glad i denne jorda, som ga dei så rikeleg att for strevet. Eg hugsar endå bestefar, der han gjekk kring åkrane om sundagane, når veret var fint og ein såg kor det spratt og grodde. Var voksteren frodig, kunne eg sjå eit smil over andletet hans. Det vart mat til både folk og fe. Eg trur han var samd med diktaren når han seier i salmen sin: "Fagert er landet du oss gav."


Gunnar Fjørtoft skriver også om "Presten som doktor":

Barman var ikkje berre prest, men både dokter og lærar. I dei dagar var det lite av dokterar, og på landsbygda fanst det nesten ikkje ein lækjar. "Dersom presten Barman tok over denne jobben her i Haram," sa bestefar, " så kunne ein ikkje få betre dokter for svollar og sår. ". Bestefar hadde ein resept som han hadde fått med presten der det sto oppskrive alle medikamenter som skulle blandast i ei trepeilflaske med vatn. Bestefar heldt denne resepten for ein heilagdom, nest etter Gud. Men ein gong fekk eg likevel den ære å få glette litt på det verdfulle papiret. Papiret og innhaldet ser eg for meg den dag i dag. Kor mange gram det var av kvar sort har eg gløymt, men namnet på kvar sort festa seg så godt at det sit fast enno, og dei var slik: salmiakkspiritus, kamferspiritus og salt. Elles forstod han seg på ymse andre sjukdomar, som han ga rettleiing om.

Slektsanene til Iver

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

I dag | 08:01

Denne om Edvard er fortsatt feil

...
05.05 | 20:19

Onkel Edvard døde 31.07.93 - dødsdat er altså feil. Han bodde i de ti siste årene av sitt liv i Berlevåg. Han var opptatt av alt som skjedde helt til det siste

...
29.03 | 10:36

Hei!

Jeg ser at Hanna Vik Furuseth, E 4121, er oppført med feil fødselsdato.
Hun er født 30.07.1990.

...
12.11 | 10:45

Hei!
Tone Ekerholt som jeg var gift med, døde 24.september 2016
Hilsen E 712 Sverre Nesheim

...
Du liker denne siden